For meg var sosiale bokmerke noko nytt, eg hadde ikkje kjennskap korkje til Bokelskere eller LibraryThing.
Eg trur dette er ein fin måte å utveksle meiningar om bøker på, ikkje berre nye bøker, men også bøker som har vore i handelen ei stund. Desse tenestane må kunne brukast til å formidle litteratur; eg laga ei side på Eid bibliotek på LibraryThing. Der kan eg trekke fram nye og gamle bøker og starte diskusjonar osv. Dessutan er det vel viktig å sjå kva folk les akkurat no, og korleis dei vurderer bøkene. På mange måter er det meir (eller minst like) interessant å sjå kva folk flest meiner om ulike bøker som å lese bokmeldingar skrivne av professjonelle anmeldarar.
Eg prøvde Del.icio.us og tagen Literature, dessutan var eg inne på noko som heiter Goodreads, men denne tenesta verkar for uoversiktleg for meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar