onsdag 17. november 2010

Nettsamfunn

Eg er ikkje bekymra for privatlivet mitt på nett. Det er fordi ingen av dei eg verkeleg kjenner bryr seg særleg om sosiale medier. Dersom eg hadde hatt ein skare av vener som forventa at vi skulle halde ein vesentleg av kontakten via Facebook, så trur eg at det hadde blitt prat om kva vi skal ha til middag og andre trivielle detaljar frå dagleglivet. Kanskje ville det også bli snakk om private ting av sensitiv karakter, ting som ein i ettertid kan angre på at ein la ut på nettet. Dersom presset til å vere aktiv på Facebook er stort nok, til dømes på arbeidsplassen, kan ein føle seg nøydd til å vere både personleg og privat. Det har liksom blitt sånn i dagens samfunn, med intimitetstyrrani og personfokusering over alt. Det er vanskeleg å halde balansen i dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar