onsdag 17. november 2010
Nettsamfunn
Eg er ikkje bekymra for privatlivet mitt på nett. Det er fordi ingen av dei eg verkeleg kjenner bryr seg særleg om sosiale medier. Dersom eg hadde hatt ein skare av vener som forventa at vi skulle halde ein vesentleg av kontakten via Facebook, så trur eg at det hadde blitt prat om kva vi skal ha til middag og andre trivielle detaljar frå dagleglivet. Kanskje ville det også bli snakk om private ting av sensitiv karakter, ting som ein i ettertid kan angre på at ein la ut på nettet. Dersom presset til å vere aktiv på Facebook er stort nok, til dømes på arbeidsplassen, kan ein føle seg nøydd til å vere både personleg og privat. Det har liksom blitt sånn i dagens samfunn, med intimitetstyrrani og personfokusering over alt. Det er vanskeleg å halde balansen i dette.
søndag 14. november 2010
Samtalar om bøker - sosiale bokmerke
For meg var sosiale bokmerke noko nytt, eg hadde ikkje kjennskap korkje til Bokelskere eller LibraryThing.
Eg trur dette er ein fin måte å utveksle meiningar om bøker på, ikkje berre nye bøker, men også bøker som har vore i handelen ei stund. Desse tenestane må kunne brukast til å formidle litteratur; eg laga ei side på Eid bibliotek på LibraryThing. Der kan eg trekke fram nye og gamle bøker og starte diskusjonar osv. Dessutan er det vel viktig å sjå kva folk les akkurat no, og korleis dei vurderer bøkene. På mange måter er det meir (eller minst like) interessant å sjå kva folk flest meiner om ulike bøker som å lese bokmeldingar skrivne av professjonelle anmeldarar.
Eg prøvde Del.icio.us og tagen Literature, dessutan var eg inne på noko som heiter Goodreads, men denne tenesta verkar for uoversiktleg for meg.

Abonner på:
Kommentarer (Atom)