No har eg jobba med emne 4 "Nyheitsstraumar og personlege startsider". Eg har funne ut at Google lesar er ein oversiktleg måte å få fram nyhenda på, på dei sidene og bloggane eg følgjer, og eg klarte å gruppere abonnementa i ei mappe, Litteratur, som inneheld Dagbladet.no - kultur og LibraryThing, og kursbloggane i ei anna mappe. Eg forstår at ein kan abonnere på "grupperingar", dvs. pakkar som er pakka på førehand, t.d. aviser, men dette har eg ikkje gjort. Dagbladet kultur la eg ved ved å klikke på RSS ikonet, og Gamlebanken la eg inn ved å kopiere inn URL-en.
Ein kan vel kanskje ha iGoogle som startside, då vil ein få fram det ein følgjer med på med ein gong, i tillegg til nyhende, vær osv. Men kanskje får ein inn mykje ein er uinteressert i også her.
Ein kan fjerne element frå iGoogle-startsida som ein ikkje ønskjer følgje med på. Men eg er eini9g med det at sjølv om ein abonnerar på ein nyheitsstraum, kan det likevel vere mykje frå denne straumen som er uinteressant.
SvarSlett