No har eg jobba med emne 4 "Nyheitsstraumar og personlege startsider". Eg har funne ut at Google lesar er ein oversiktleg måte å få fram nyhenda på, på dei sidene og bloggane eg følgjer, og eg klarte å gruppere abonnementa i ei mappe, Litteratur, som inneheld Dagbladet.no - kultur og LibraryThing, og kursbloggane i ei anna mappe. Eg forstår at ein kan abonnere på "grupperingar", dvs. pakkar som er pakka på førehand, t.d. aviser, men dette har eg ikkje gjort. Dagbladet kultur la eg ved ved å klikke på RSS ikonet, og Gamlebanken la eg inn ved å kopiere inn URL-en.
Ein kan vel kanskje ha iGoogle som startside, då vil ein få fram det ein følgjer med på med ein gong, i tillegg til nyhende, vær osv. Men kanskje får ein inn mykje ein er uinteressert i også her.
søndag 31. oktober 2010
søndag 24. oktober 2010
Andre kursdag - på Skei
På Skei var temperaturen behageleg, og maten godt krydra. Eg fekk gjort det eg skulle, bortsett frå at maskina mi ikkje har nettverkskort (det bør eg få installert) og difor ikkje kunne koblast til nettet. Eg har chatta på G-Talk, sjølv om det gjekk veldig seint. No skal eg sjå på Nyheitsstraumar og personlege startsider og Sosiale bokmerke.
mandag 18. oktober 2010
Om kurset
Eg har byrja meir seriøst med kursoppgåvene (betre seint enn aldri), og har lasta ned G-Talk, så no kan eg chatte med dei som har lyst til det. Mi e-posadresse er: tolaasgyri@gmail.com, for dei som vil leggje meg til som kontakt. Eg er elles usikker på kva eg skal bruke denne bloggen til - handlar det om meg eller om biblioteket?
søndag 17. oktober 2010
Årets opera
No har eg nettopp vore på årets operaframsyning her på Nordfjordeid, fotballoperaen "Noreg - Brasil".
Legg ved nokre bilete av utstillinga på biblioteket i høve operaen; som de ser fotballdrakter, pokalar m.m.
Legg ved nokre bilete av utstillinga på biblioteket i høve operaen; som de ser fotballdrakter, pokalar m.m.
torsdag 7. oktober 2010
Abonner på:
Kommentarer (Atom)